Urettferdighet: menneskelege feil og uflaks
FotballOpprettet av Sander Smørdal 09 apr, 2008 16:18Som dei fleste av dei som kjenner meg veit er eg lidenskapeleg opptatt av ein fotballklubb. Arsenal har stått i hjartet mitt standhaftig i over 12 år no, og den perioda har vore bland Arsenal sine beste periodar i historia. Sånn sett har eg vel vore heldig, men gårsdagen var eit av mine absolutt svartaste Arsenal-minner.
Kvifor eg bryr meg så veldig om Arsenal, og kvifor eit Arsenalresultat for ein periode går ut over humøret mitt skal eg ikkje analysere eller spekulere på i denne bloggen, det har eg gjort før, og det skal eg gjere igjen ein gong - men ikkje no. Denne bloggen skal handle om kjensla av å vere snytt for noko, noko ein hadde fortjent, og den hjelpelausheita du føler inne i deg, i det du innser at det du trudde var blitt sanning brest ut i ingenting.
Fotballen er ikkje rettferdig, det har den aldri vore og vil den aldri vere. Det beste laget, spelemessig, treng ikkje vere det laget som vinn. Det laget som skapar dei fleste moglegheitane treng ikkje vere det laget som vinn. Det laget som spelar fairast og ynskjer å vinne utan å sparke ned motstandarane som verkemiddel er ikkje alltid det som vinn.
Og det er heilt greit. Det er ein del av fotballen. Om ein tapar slik, tapar ein hovudsakeleg på grunn av sin eigen udyktigheit eller dei andre sine fortreffelegheit, somme gongar ein kombinasjon. Uansett er det greit. Det kan vere surt, men ikkje slik at ein kan vere bitre på andre.
No er eg verkeleg bitter. Eg var ikkje bitter på laurdag etter 1-1 mot Liverpool i Premier League. Eg var ikkje bitter etter å ha tapt 2-1 for Chelsea i PL. Eg var ikkje bitter etter finaletapet i Champions League for to år sidan. Eksempla er mange. Eit tap i seg sjølv, gjer meg ikkje bitter. Skuffa og kanskje sur, men ikkje bitter. Etter to kampar i kvartfinalen i årets utgåve av meisterligaen er eg bitter, verkeleg bitter.
At Arsenal var det beste laget over 180 minutt er dei fleste einige om. Kanskje med unntak av dei Liverpool-tilhengjarane som manglar gangsyn. Arsenal var suverent best i første kampen, og Liverpool hadde eit visst trykk i andre kampen. Det er likevel ikkje derfor det er er så uendeleg kjipt at Arsenal ikkje går vidare etter desse oppgjera.
I det 84. minutt var eg innstilt på å gratulere Liverpool-fans med sigeren. Ikkje ein velfortjent siger, men ein siger som likevel er heilt grei og fotball-rettferdig, ettersom dei hadde scora fleire mål enn Arsenal. Då var stillinga 2-1 til Liverpool og det såg ut som om laget frå Beatles-byen hadde full kontroll på Arsenal. Eit fantastisk raid av Theo Walcott gjorde at Arsenal ut av det blå utlikna til 2-2, og brått var Arsenal laget som var vidare akkurat då.
Arsenal trudde kanskje jobben var gjort, og hugsa ikkje regelen om at etter eit eige mål så må du vere ekstra påpasseleg for å unngå baklengsmål. Det er lett å bli uoppmerksomme etter eige mål. Det var Arsenal. Liverpool storma i angrep. Ryan Babel var på veg igjennom, og faller innanfor 16-meteren. Ved første augekast kunne det minne om eit straffespark. Dommaren var einig og peikte på straffemerket.
Repetisjonar har derimot vist at om det var nokon forseelse så var det utanfor 16-meteren, der Fabregas held Babel. Toure er knapt nok bort i nederlendaren og han faller. Ei usedvanlig billig straffe, for det som skjer innafor 16 er ikkje nok til å kvalifisere til straffespark. Frispark, for holdinga frå Fabregas er det nok. Uansett korleis ein vrir og vender på det så er straffa billeg, sjølv om Rune Pedersen på VG Nett, hevdar straffa var korrekt. Eg mistenkar at Pedersen kjennar den svenske dommaren litt for godt. Når Ryan Babel, med eit smil om munnen uttalar at: - Han holdt meg... litt... så seier det seg sjølv at dette er billig.
Det verste med at denne straffa blir gjeven er den Arsenal IKKJE fekk på Emirates. Når Hleb driblar seg forbi fire Liverpool-spelarar før Kuyt bestemmer seg for å rive han ned. Det, herr Pedersen, var ei klar straffe. Det Liverpool fekk var det ikkje. SUMMEN av desse to avgjerdene, to gedigne avgjerdsler, som begge går i favør av Liverpool, er det som gjer det så bittert. Hadde Liverpool vunne i går, utan den avgjerdsla hadde det vore surt, men ikkje bittert. Sanninga er at dommaren avgjorde gårsdagens kamp, på same måten som han hadde ei sterk innverknad på resultatet i det første oppgjeret på Emirates.
Det er urettferdig. Dommaren er menneskeleg og det er menneskeleg å feile, men kvifor skal to dommarar i to konsekutive Champions League-kampar vere så fordømt menneskelege MOT Arsenal? Slike dommaravgjerdsler jamnar seg ut seiast det, men i løpet av to kampar er det i alle fall INGEN garanti for at det skjer. Det er tydeleg. Uflaks at desse avgjerdslene i begge kampane går mot Arsenal.
Eg har ingenting i mot Liverpoolsupporterar som er glade for avansementet. Det hadde eg vore det. Det er ikkje slik at Arsenal aldri har dommaren på si side. Det skjer, det og, men då klarar eg i alle fall å innsjå og sei at vi var heldige. Særskild om det var eit oppgjør der vi ikkje var det beste laget. Eg er like glad, og i alle fall ikkje gladare for at det skjer på ein slik måte. Eg føretrekk å vinne utan at dommaren har innverknad. For mange Liverpool-supporterar, men på langt nær alle, har sigeren verka betra fordi dei fekk hjelp av dommarane i begge kampane.
"Det beste er å sjå deg så bitter." Viss du gler deg meir over at andre lags supporterar er bitre enn at ditt eige lag går vidare har du eit problem.
Og ein ting til: Sjølvsagt hadde ikkje 4-2 målet til Liverpool kome om det stod 2-2. Arsenal hadde neppe sendt alle opp i angrep på ein dødball på eigen banehalvdel 3 minutt på overtid då, og pola ballen oppover, hadde dei vel? Så argumentet om at straffa ikkje betydde noko av den grunn er sjølvsagt heilt på jordet.
- Kommentarer(1)http://sanderspace.thesander.com/#post9

