Klubb
MatOpprettet av Sander Smørdal 06 apr, 2008 12:30I følge VG er "komle" den nye take-away-favoritten på Lillehammar. Klubb, som eg kallar det, er er ein undervurdert rett, og eg er slett ikkje overraska.
Uansett kva du kallar det, om det er raspeball, komle, ball, eller som meg: klubb, så er det ein rett som moglegens ikkje er den estetisk penaste men som er ein av dei gastronomisk beste.
Mange kan nok ha ein tendens til å rynke på nasa når dei første gong ser ein klubb ligge på tallerken. Grå med ei fuktig overflata, og ein konsistens som kan variere ser det ikkje alltid like delikat ut, men smaken er fortreffeleg.

Klubben er i forgrunnen på dette biletet, og badande i si eiga kraft ser den ikkje delikat ut. Klubb er på dette biletet servert med pølser, salt kjøtt, bacon og kålrabistappe. For min del er det ikkje naudsynt med meir enn sjølve klubben, bacon og, viktig, rømme. Får eg det er eg nøgd, men vi plar vanlegvis ha både vanleg kålrabi, pølser og somme gongar salt kjøtt i tillegg. Til drikke er det kun ein ting som er godt nok. Surmjølk. Tine Skumma Kulturmjølk.
Har du ikkje prøvd klubb/raspeball/komle før, så bør du gjere det, så fort som mogleg. Med rømme og bacon. Gløym sirup og sukker, som somme vil ha deg til å ete, det er rømme og bacon som gjeld.
Vidare går eg og ventar på at den første Raspeball-sjappa skal opne opp i Bergen. Kebab-sjappene er det i alle fall mange nok av. Klubb kjapt, enkelt og billeg hadde vore ein bestselgar, i alle fall for meg.
- Kommentarer(1)http://sanderspace.thesander.com/#post8

