SanderSpace

SanderSpace

Bloggen

Blogg for formidling av mine tankar og idear om verda. Kan omhandle alt mellom himmel og jord. Ei vidareføring av SanderSpace som tidlegare eksisterte på Windows Live Spaces.

Ein del av thesander.com

Eit fossefall av rekordar

SvømmingOpprettet av Sander Smørdal 30 mar, 2008 21:14

Symjing er ein idrett i rivande utvikling. 2008 har så langt vore eit heilt utruleg år for symjinga, med totalt 18 verdsrekordar sett i skrivande stund. Somme sei symjesporten er i rivande utvikling, somme hylar: DOPING, medan andre igjen legg skulda på utstyret.

Eg tykkjer det er synd når det ved kvar einaste nye verdsrekord blir stilt spørsmålet: kvifor? Eg vel å lene meg tilbake og nyte synet av symjing på eit nivå ingen andre har symd. Det er likevel ikkje så enkelt, når det blir 18 verdsrekordar i løpet av dei første 3 månadane av det nye året. Det er noko som aldri før har skjedd, og i tillegg er det på dei mest prestisjefylde øvingane i symjeverden.

50 og 100 fri både for kvinner og menn har blitt forbedra med ganske stor margin. Eg vil snakke mest om desse øvingane, ettersom det er mine øvingar. Alexander Popov sin rekord på 50 meter, og Pieter van den Hoogenband sin rekord på 100 meter, begge frå 2000 er blitt slått. Grundig. Rekordar som har stått i åtte år, som har overlevd i mange år, blir ikkje berre forbigått, dei blir etterlatt fullstendig i bakevja.

På denne tid i fjor var det berre Hoogie som var under 48 på 100 fri langbane. Svenske Stefan Nystrand blei nummer to med 47.91 i Paris i fjor. No er det fire symjarar som har vore under med Eamon Sullivan og Alain Bernard som dei to nyaste, begge med tider under Hoogie sin 47.84. (Bernard 47.50, Sullivan 47.52) Dette fostrar spekulasjonar. 50 fri rekorden er blitt forbedra frå 21.64 til 21.28. 3 tidelar på 50 fri er mykje på det nivået.

- It's the suit
17 av dei 18 verdsrekordane sålangt er sette av symjarar som brukar den nye drakta til verdas mest kjende badetøysprodusent Speedo, den såkalte LZR-Racer. Det har sjølvsagt fått spekulasjonane til å gå om den nye drakta er så mykje betre enn andre og tidlegare drakter.

Drakta er i utgongspunktet godkjend av FINA, det internasjonale symjeforbundet. Så den skal i alle fall vere innafor gjeldande reglar. Somme har likevel hevda at det ikkje er tilfeldig at så mange rekordar blir sett med den nye drakta, og andre meiner at den fungear som eit flyteelement. Desto bedre du flyt, desto meir vil du kunne bruke energi på å flytte deg framover. Stoffet den er laga i er for tjukt og for flytande til å vere rettferdig, hevdast det. Moglegens er drakta bedre, men er den god nok til å forklare dei uforholdsmessig store tidsfalla vi har sett i det siste?

Eg har ei mistanke om at dei som styrer FINA er nokre korrupte gamle menn. Den nye drakta er godkjend, trass i at den på langt nær ikkje er tilgjengeleg for alle utøvarar, som skal vere ei føresetnad for lovligheita av ei drakt. Dei store symjenasjonane har fått drakta, medan ein kar som Stefan Nystrand ikkje har fått den... Canadensarane har vald å forby Speedo-drakta under deira sin OL-uttak, av den grunn at ikkje alle kan få fatt i den. Fair play kallast det.

Drakta skal opp til revisjon under det føreståande VM kortbane i Manchester (for øvrig at det er eit VM no, berre understreker graden av korruptskap i FINA), der dei skal evaluere om den er for god, og om den faktisk bryt nokre reglar. Eg vil ikkje bli overraska om pampane i FINA har vore for raske med å godkjenne drakta, etter ein liten slump med pengar frå Speedo.

For øvrig. Den som tjenar mest på spekulasjonen om drakta verkeleg er SÅ god at den til og med kanskje kan bli forbudt er vel Speedo. Berre sjå kor mange gongar eg har nevnd utstyrsprodusenten i denne bloggen, i samanheng med superlativ. Fantastisk.

- It's the drugs
I følgje den dobbelte olympiske meistaren på 50 fri Gary Hall jr. er det mange som hevar augebryna over Eamon Sullivan og Alain Bernard sine prestasjonar, kanskje aller mest han sjølv. Ein 0,8 sekund forbedring på Sullivan på 50 fri i 2008 er imponerande, og oppsiktsvekkande, ingen tvil om det, medan Bernard først og fremst blir mistenkt på grunn av hans Hulk-lignande utsjånad. "He looks like a house" er ein vanleg kommentar på amerikanske diskusjonsforum om symjing.

Det er mange som hevdar at ei slik forbetring er umogleg, og at den store jamne framgongen i så mange øvingar av ein håndfull utøvarar er resultatet av at doping verkeleg har fått fotfeste innafor symjinga. At no har ein komt så langt i dopteknologien at også symjarar kjenn seg trygge på dette, og at dei eineståande resultata er som følgje av dette.

Eg for min del er tvilande til dette. Resultata er komne av etablerte utøvarar, og sjølv om tidsfalla er imponerande og store, så trur eg på eigenskapane til mennesket og at ingenting er umogleg. Eg vil i alle fall ikkje mistenke folk KUN på grunnlag av at dei sym fort. Om dei kom ut av absolutt ingenting ville eg skjønne det betre. Om eg skulle symje 21.5 på langbane plutselig ville eg forstått spekulasjonane. Ikkje det at eg nokon gong ville dopa meg, men ein på mitt nivå då. Dei var trass alt på eit visst nivå.

Eg trur på uskuldig til bevist skuldig, og ikkje andre vegen rundt. Eg sei ikkje at symjesporten er heilt rein, det trur eg ikkje. Men at så mange individ skal dope seg... det vil i tilfelle vere ei nyinnspeling av "That 70's show".

- It's an Olympic Year
Den fremste og antakeleg for dei aller fleste riktigaste grunnen til at det symjast så fort er at det er eit olympisk år. For dei beste idrettsutøvarane er dei fire åra mellom OL ein periode for trening fram til neste OL. Dei skal toppe formen i OL-året og vere på sitt beste det året. Difor er ein stor prosentandel av verdsrekordane sett i eit OL år. Ikkje nødvendigvis i OL, eller i alle fall sjelden i ein OL-finale, men i det året.

Symjesporten har tatt eit steg, trur eg, vidare. Det er ein sport som framleis har mykje utvikling føre seg, og det kjem stadig revolusjonar innan tekniske delar av sporten. Det er ikkje noko som er instinktivt nedfelt i oss, og difor er det noko som har større utviklingspotensiale enn til dømes springing.

At det kjem ein revolusjon no, fire år etter sist OL er ikkje overraskande for meg. At det har blitt så voldsomt på både 50 og 100 fri er kanskje i overkant av kva eg trudde, men ingenting er utafor mi fatteevne til kva som er mogleg, sjølv om eg sjølv er langt unna, diverre.

Uansett grunn til den rivande utviklinga så er det utruleg artig å sjå gode symjarar symje fort gong etter gong, og at det er så utruleg mange vegar til å bli god. Alain Bernard er stor som ei okse (i alle fall på TV) og sym mange meter på trening og sym utruleg fort. Eamon Sullivan er liten og tynn, og sym få meter på trening og sym utruleg fort. Eg blir vel i denne samanhengen ein mellomting i størrelse og ein mellomting i antal meter og sym stadig fortare.

Er det min veg til Rom? Vi får sjå.

  • Kommentarer(0)http://sanderspace.thesander.com/#post7