SanderSpace

SanderSpace

Bloggen

Blogg for formidling av mine tankar og idear om verda. Kan omhandle alt mellom himmel og jord. Ei vidareføring av SanderSpace som tidlegare eksisterte på Windows Live Spaces.

Ein del av thesander.com

Bokblogging

thesander.comOpprettet av Sander Smørdal 25 nov, 2009 22:00

Eg er over snittet interessert i bøker. Eg ynskjer å lese mest mogleg, for underhaldning, sjølvutvekling og kanskje med sikte mot å skrive godt sjølv ein gong. Difor var eg ikkje sein om å henge meg på, når eg kom over moglegheiten til å få nye bøker, gratis. Alt eg måtte gjere er å skrive om dei.

Det var forlaget Aschehoug som på twitter søkte etter bokglade kvitrarar, som skulle anmelde bøker på bloggen sin. Eg melde mi interesse, og kort tid etter fekk eg e-post om eg ynskte å motta boka:

"Der lyset slipper inn" av Gabriel Michael Vosgraff Moro

Det ynskte eg sjølvsagt, og kort tid etter låg den i postkassa mi. Eg er for tida på andre lesing, men det er ein viss eksamen som kjem litt i vegen. Så fort den er overstått vil boka bli ferdig resenssert og anmeld av underteikna.

I den forbinding vil eg lansere ein eigen del på theSander, via til bokanmelding - ein eigen bokblogg, slik at dei som ikkje er interessert skal sleppe å lese anmeldingane og kommentarane mine.

Eg gler meg, kva med dykk?

  • Kommentarer(0)http://sanderspace.thesander.com/#post36