Fire vaksne blir til fire born
TeknologiOpprettet av Sander Smørdal 28 apr, 2008 14:18Fire menn, i alderen 22 til 24 år, var samla laurdag kveld. Dei kom som vaksne, men drog som born. Grunnen? MarioKart wii.
Nokre vil kanskje sei at speling er for ungar. At vaksne heller burde samlast og diskutere politiske, litterære og allmenne spørsmål når dei samlast ein kveld. Om så er, så blei vi til ungar no på laurdag.
Sant å seie vil eg faktisk heller vere ein unge, for så artig som eg hadde det laurdag kan eg ikkje hugse å ha hatt det, over så mange timar. Nokon gong. Eg har aldri ledd, jubla eller blitt forbanna så mange gongar i løpet av seks timar. Eg har aldri hatt eit så konstant høgt adrenalinnivå som det eg hadde på laurdag.
MarioKart har vore ein spelklassikar som har fyld alle Nintendospelmaskinar sidan SuperNintendo frå tidleg 90-tal. Kort fortalt handlar spelet om at du styrer ein kjend Mario-figur av ditt val i ein gokart rundt forskjellige baner. Samtidig kan du plukke opp diverse våpen som du kan bruke mot dei andre du køyrer mot. Dette kan føre til store endringar i siste sekund, noko som er en viktig del av sjarmen. Ting kan sjå heilt tapt ut, men så kan du snu det heilt på slutten - diverre kan det motsette også skje.
Spelbarheita er bedre enn på noko anna spel eg har spelt. Det er barnsleg moro, men like morosamt for alle aldrar. Det appelerar til konkuranseinstinktet i deg, og bringar fram heile kjenslespekteret. Frå sinne, via frustrasjon og forbausing til lutter gledje.
Det viktigaste er å vinne, men det er ikkje ei føresetnad for å ha det kjekt med dette spelet. Alle kan i tillegg vinne, av den grunn av at det ikkje er berre reine køyreeigenskapar som avgjer kven som vinner, du må også vere taktisk flink med dei våpena du klarer å rive til deg.
Eg har alltid vore ein Nintendo-fan, heilt sida vi fekk den gode gamle Nintendo Entertainment System inn i stua ein gong i min barndom. Særskild har Mario vore ein stor del av mitt liv, og han har også fått sin renessanse i det siste, både gjennom ein t-skjorte-samlemani og gjennom Wii-en til ein av mine beste kameratar.
Som sosialt apparat er derimot dette spelet overlegent noko anna spel eg nokonsinne har prøvd. Ja, multispelar er som oftast artig, mest uansett kva spel det er (så lenge spelet er over ein viss standard, sjølvsagt), men så mange kjensler og latterlege hendingar som dette spelet frambringer, det har eg aldri vore med om før.
Er du vaksen, ungdom eller born? Saknar du litt simpel moro? Kjøp deg ein wii, skaff deg fire kontrollar, og spel MarioKart med vener eller med familien. Du kjem til å le deg i hjel. Ikkje sånn at du døyr altså, med mindre du har veldig svakt hjarte då.
- Kommentarer(0)http://sanderspace.thesander.com/#post12

