SanderSpace

SanderSpace

Bloggen

Blogg for formidling av mine tankar og idear om verda. Kan omhandle alt mellom himmel og jord. Ei vidareføring av SanderSpace som tidlegare eksisterte på Windows Live Spaces.

Ein del av thesander.com

Sneglar på frammarsj

TrivialitetarOpprettet av Sander Smørdal 10 apr, 2008 18:43

Eg døyper 10. April til den store snegledagen. Dette har sjølvsagt ingenting med Besten sin bursdag å gjere, gratulerer med dagen, men med det som har prega dagens nyheitsbilete. Det er nemleg slik at vårtid, er snegletid, og i dag har nyheitsbiletet flaumd over av både vasstrukne og tørre sneglar.

Det var sjølvsagt ei overdriving, men når to av nyheitssidene som eg sjekkar mest har sneglar som eit av sine hovudoppslag same dagen kan ein byrje å lure. Er det agurktid, eller er det norske folk verkeleg så opptatt av sneglar?

Bergens Tidende: Brun + Svart = Supersnegl
Verdens Gang: Arktisk nakensnegl funnet i Norge

Kjapt oppsummert handlar BT-artikkelen om at den tradisjonelle norske svartsneglen, som tålar kulde godt, har byrja å pare seg med den innførte brunsneglen. Resultatet er ein mutasjon med dei "gode" eigenskapane til kvar snegl, og ein supersnegl som er vanskeleg å bli kvitt.

Framstillinga i artikkelen i BT får det jo til å verke som om det kjem nokre voldsomme monster ut av denne paringa. Sneglar er heslige, og i eit forstørre format hadde dei vore frykteleg ekle, men særskild farlege eller truande er dei ikkje. Ei heller Supersneglen, trass i at den er like glupsk som brunsneglen og like hardbarka som svartsneglen.

Det som dog fascinera meg mest med artikkelen er den inngåande forskninga som openbart gjerast på området. Botanistar og forskarar viar heile sitt liv på å studere sneglar og deira mønster. Opplysninga om at somme stadar så parar dei seg, medan ikkje så langt der i frå gjer dei det ikkje, krev slik ein innstendig forskning og oppofring i arbeidet at eg verkeleg er imponert. Kor interessert kan ein vere i sneglar?

Ein annan urovekkande kommentar var den som tilsynelatande tilkjennega at dei hadde inngåande kjennskapet til sneglar sitt kjønnsorgan... Eg veit i alle fall kva eg ikkje skal bli. Sneglforskar. Det vil øydelegge alle mine illusjonar og allusjonar til sex for evig og alltid.

Blog Image

Artikkelen på VG Nett omhandlar funnet av ein ny sneglart på 8-900meters djup utafor Andøya. Den såkalla nakensneglen må ha kalde temperaturar og er aldri observert så langt sør før. Nei, kanskje fordi den lev ned mot ein kilometers djup? Folk flest bryr seg vel neppe om kva sneglar som lev der nede på havbotn?

Marinbiologane forventar å finne mange nye spanande artar der nede. Eg ventar ikkje i spaning, og kryssar nok ein jobb av lista mi.

Ikkje at det var aktuelt i utgongspunktet.

  • Kommentarer(0)http://sanderspace.thesander.com/#post10