Lansering
thesander.comOpprettet av Sander Smørdal 29 jan, 2008 16:30thesander.com er når dette skrivast snart klart for lansering. Det har ikkje gått lenge sida eg la ned SanderSpace i den formen det tidlegare var, men sanninga er at eg har leika med tanken om ei eiga heimeside lenge, og at motivasjonen min for det etterkvart har overgått motivasjonen for berre det å skrive. Difor var det fryktelig lett, når avgjerdsla først var tatt, å kome seg vidare frå det SanderSpace ein gong var til det som det no framover skal framstå som.
Det er likevel viktig å huske på at dette ikkje er noko eg legg spesielt mykje vekt på. Det er artig tidsfordriv, og det er vel om lag det. Eg vonar eg kjem til å vere motivert til å oppdatere sida jamnleg, men lovar ingenting. Lovnadar er berre vanskelege å halde. Sida er ikkje profesjonelt laga, men er kun satt saman av mine småpludringar, på relativt kort tid. Personlig tykkjer eg designet er ganske ok. Eg har gått for ein minimalistisk stil, men likevel noko som er lett å forstå og forhåpentleg lett å navigere seg fram og tilbake i.
Ikkje veit eg om denne sida er noko som nokon som helst kjem til å sjå seg nytte i å bruke, men for min del håpar eg det kan erstatte det forhaldet eg hadde til SanderSpace tidlegare. Det verkar til no som om dette er meir "mitt", og eg har eit meir sterkt eigarforhald i og med at eg har bygd opp det meste, om ikkje frå grunnen, så i alle fall frå første etasje.
SanderSpace vil som før ta opp ting eg er opptatt av, engasjert i eller det som eg tykkjer er morosamt eventuelt tragikomisk. Det vil nok bli litt sleivspark også no framover, men forhåpentleg kan det nye SanderSpace få ein enno meir seriøs profil enn det forrige.
Med von om at dykk skal finne dykk til rette på sida, og at dykk alle saman har det bra.
Sander
PS: Legg til thesander.com og/eller Sanderspace til dine favorittar i nettlesaren, så finn du lettare tilbake hit og så slepp du gå og huske på adressa eller spørre meg heile tida ;)
Direkteadressene er for øvrig: http://www.thesander.com og http://sanderspace.thesander.com
- Kommentarer(0)http://sanderspace.thesander.com/#post1

